-
Bussulykke Myrland, Hadsel kommune i Vesterålen | Bus accident, Myrland, VesterålenMer informasjon | More information
Hørselstest hos barn
Valg av testmetoder ved utredning av hørselstap hos barn er avhengig av barnets alder og evne til å samarbeide. Det kan være aktuelt å benytte flere tester for å komme fram til et ønsket resultat.
Før
For barn som er store nok til å forstå er det en fordel om foreldrene snakker med barnet før timen, slik at barnet er forberedt på hva som skal skje.
Under
Når vi skal i gang med undersøkinga prøver vi å få kontakt og skape tryggleik for barnet ditt. Testen blir utført på følgjande måte:
- Vi kikkar i øyra med ei lommelykt (otoskop)
- Ein mjuk silikonpropp som lagar lyd og trykk, blir sett mot øyregangen
- Barnet får presentert ulike lydar i proppen og vi observerer eventuell reaksjon
- Hovudtelefonar eller høgtalarar vil så nyttast for å presentere lydar eller ord
Om barnet ikkje kan eller ønskjer å medverke til denne typen høyrselstesting kan vi teste høyrselen med ulike måleinstrument.
Barn 0–3 år
For barn i alderen 0–3 år kan vi nytte følgjande målingar:
- Tympanometri
- Otoakustiske emisjonar OAE
- Visual Response Audiometry (VRA)
- Hjernestammeaudiometri (ABR)
Barn 3–6 år
For barn i alderen 3–6 år kan vi nytte følgjande målingar:
- Tympanometri
- Otoakustiske emisjonar OAE
- Lekeaudimetri
Tympanometri
Ved tympanometri får barnet ein liten propp i øyregangen. Tympanometri blir nytta for vurdering av mellomøyrefunksjonen.
Sjølve målinga medfører ikkje ubehag for pasienten. Det kan opplevast som eit lite dottsanseinntrykk, men det hender at barnet motset seg å få proppen sett inn i øyregangen.
Testen blir nytta på alle aldersgrupper.
Otoakustiske emisjonar OAE
Dette er ei objektiv høyrselsmåling der vi testar funksjonen til det indre øyret. Denne testen blir også brukt til høyrselsscreening av alle nyfødde.
Testen blir gjennomført ved å setje ein liten propp i øyregangen til barnet og sende klikkelydar inn i øyret. Desse klikkelydane genererer under normale forhold ein respons i dei såkalla hårcellene i det indre øyret som blir fanga opp av måleutstyret.
Visual Response Audiometry (VRA)
Ved VRA blir høyrselen testa ved at barnet snur seg mot eit bilete eller ei leike som respons på ein lydstimulus. Denne testen blir utført på dei minste barna, før dei er modne nok for å samarbeide til lekeaudiometri.
Hjernestammeaudiometri (ABR)
Ved ABR blir testa den elektriske responsen til sentralnervesystemet på at øret blir eksponert for lyd. Elektrodar blir tapte på huda og det blir proppar plasserte i øyregangane.
Dei minste barna kan undersøkjast sovande, medan eldre barn som oftast må undersøkjast i narkose.
Lekeaudiometri
Høyrselsmåling blir kalla audiometri. Høyrselen blir undersøkt ved å registrere responsen til pasienten på ulike tonefrekvensar og lydstyrke. Resultatet blir presentert i eit audiogram.
Først øver ein saman med barnet, men etter kvart skal barnet åleine respondere på lyden. Eitt øre blir testa av gongen. Kor mange frekvensar som blir testa varierer, då dette avheng kor godt barnet samarbeider.
Etter
Om det er behov for videre utredning, behandling og oppfølging avhenger av resultatene av undersøkelsen.
Kontakt
Kurs
- Hørselshemmede barn 7-12 år, foreldrekursTo dagers lærings- og mestringskurs for barn i alderen 7-12 år med hørselshemming og deres foresatte.Hørselshemmede barn 7-12 år, foreldrekurs16.oktober20252 dager
- Hørselsnedsettelse hos ungdom 12-16 årTo dagers lærings- og mestringskurs for ungdom 12 -16 år med nedsatt hørsel og deres foreldre.Hørselsnedsettelse hos ungdom 12-16 årDato kommer