Røntgenundersøkelse av blodårer i hjertet
Koronar angiografi, Bodø
Koronar angiografi er en røntgenundersøkelse av hjertets kransårer. Undersøkelsen er en del av utredning av hjertesykdom eller ved mistanke om hjerteinfarkt. Av og til undersøker vi også venstre hjertekammer og klaffer.
Før
Før du skal til koronar angiografi, må du førebu deg:
- Dusj kvelden før, eller same morgon som undersøkinga, om tilstanden din tillèt det
- Du må fjerne naglelakk og sminke og ta av klokke, ringar og smykke
- Du skal ta dei faste medisinane dine, unntatt
- diuretika (vassdrivande)
- blodfortynnande medisinar som Marevan® og Klexane®
- metformin (diabetesmedisin)
- Det er tillate å ete små porsjonar til alle måltid før undersøkinga
På sjukehuset får du informasjon om undersøkinga. Gi oss beskjed om du tidlegare har reagert på røntgenkontrast.
- Vi måler blodtrykk, puls og tar EKG
- Vi barberer handledd og lysker
- Du får venekanyle i armen
- Dersom du har nedsett nyrefunksjon, blir du forbehandla med intravenøs væske
- Du får tilbod om ein roande tablett
- Du skal tisse før undersøkinga
Under
Du blir lagt på eit undersøkingsbord mens undersøkinga går føre seg, og du er vaken heile tida. Du får lokalbedøving ved innstikkstaden i lysken eller handleddet før vi fører eit kateter opp gjennom pulsåra og til hjartet. Du får kontrastvæske gjennom kateteret, og eventuelle forsnevringar i kransarteriane blir synlege på røntgenfilm.
Undersøkinga varer om lag 30 minutt–1 time og medfører lite ubehag. Ved eventuell utblokking (PCI) kan undersøkinga vare 30 minutt–2 timar lenger.
Utgreiinga kan også avdekke lekkasje eller trong hjarteklaff. Dette greier vi ut vidare med ekkokardiografi.
Etter
Etter undersøkinga kjem du tilbake til avdelinga, der du blir observert nokre timar.
- Vi måler blodtrykk og puls jamleg
- Vi inspiserer innstikkstaden
- Du kan drikke med det same og ete etter 1 time
Det er viktig å halde innstikkstaden i ro etter undersøkinga for å unngå bløding. Det er ikkje uvanleg at nokre etter behandlinga opplever smerter, hevelse og bløding frå innstikkstaden.
Vær oppmerksom
Risikoen for komplikasjonar ved ein koronar angiografi er liten. Den vanlegaste komplikasjonen er bløding frå innstikkstaden. Kateteret kan komme borti flak av åreforkalking som kan losne. I sjeldne tilfelle kan dette utløyse eit hjarteinfarkt eller eit hjerneslag.Kontakt
Bodø, sentrum
Invasiv kardiologi
Bodø, sentrum
Invasiv kardiologi